Besøkssenter Folgefonna Nasjonalpark

I 2016 held utstillinga i Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark stengt! - fordi huset er under ombygging til det nye Folgefonnsenteret, som opnar våren 2017. Du kan likevel få informasjon om nasjonalparken i turistinformasjonen (open juni, juli og august), som ligg rett over vegen for der Folgefonnsenteret kjem.

Besøkssenter Folgefonna Nasjonalpark vil bli ein del av det nye Folgefonnsenteret når det opnar.

Det er ein glimrande idé å besøkja senteret før du utforskar nasjonalparken, for med auka forståing aukar òg gleda og utbytet. Utstilling, filmar og biletspel avdekkjer Folgefonnhalvøya sitt indre og ytre liv – vi får vita kvifor landskapet ser ut som det gjer i dag. Her får du informasjon om den spennande geologien og plante- og dyrelivet som Folgefonna og traktene rundt har å by på.

Drama i berg er eit fascinerande 20-minuttars biletspel produsert av Randi Storås, med bilete frå nokre av dei dyktigaste naturfotografane på Vestlandet. Eit anna biletspel, Fjordens liv, gir innsikt i fjordane sitt unike økosystem.

Her er biletseriar frå dei store dalane inn mot Folgefonna og ei utstilling av mineral. Ein kopi av Tysnes-meteoritten er også stilt ut.

Nasjonalparksenteret gjev òg glimt frå alle dei 42 nasjonalparkane i Noreg, og på kartet viser vi deg gjerne kvar dei ligg. Same kva årstid du kjem her, er det mykje å utforska.

Tilgang til Folgefonna nasjonalparksenter er gratis.

På senteret finn du òg turistinformasjonen og eit båtbyggjarmuseum. Visste du at «Gjøa», polarskuta til Roald Amundsen, var det første skipet som segla gjennom Nordvestpassasjen – og at det vart bygd i Rosendal?

Steinparken ligg òg i Rosendal. Medan du vandrar på stiane her, får du sjå eit stort utval av bergartar, som avdekkjer den unike geologiske historia til Folgefonnhalvøya.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker