Stien snor seg oppover den frodige Buardalen, mellom steile fjellsider. Kvar vinter forsvinn sola herifrå i fleire månader i strekk. Brølet du høyrer, er nok frå Buarelvi, som rasar nedover med enorme mengder smeltevatn til Sandvinvatnet.

På 1890-talet vart det bygd eit hotell på Buer (250 moh.). Her kunne dei innlosjera turistane som kom frå fjerne himmelstrøk for å oppleva den etter kvart berømte breen. For hundre år sidan rakk brearmen nesten ned til dei øvste gardane. Men den kraftige vinden frå eit digert snøras i 1897 reiv hotellet frå grunnmuren. Det vart aldri bygd opp att.

Du bør rekna tre timar på fotturen frå Buer til brekanten og tilbake. Sørg for å ha gode støvlar, og ta med deg niste. Framleis eventyrlysten? Då er det berre å melda seg på vandring over breen med førar – informasjon om det får du frå innfallsportane til Folgefonna.

Buarbrea foto Anna Bjørkevoll

Brevandring i Buarbrea
foto Anna Bjørkevoll

Buarbrea i Odda

Tursti til Buarbrea
Breføring i Buarbrea

Turistvegen over Folgefonna

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som flokka til Fjord-Norge frå midten av 1800-talet. Turen går frå Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er ei av fleire Historiske vandreruter.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.