Drama i Berg

Biletspelet «Drama i berg» fortel den fasinerande soga om korleis Folgefonnhalvøya vart til. Det fortel om kollisjonar mellom kontinent der kjempehøge fjellkjeder blei bygde opp – og sidan slitne ned – gjennom titals millionar av år. Det fortel om krafta i rennande vatn og om rundt 40 istider, som tok tak i dalføra kring halvøya og grov ut det spesielle fjord- og fjellandskapet. Me menneske har vore med berre ein ørliten augneblink i den geologiske soga, her på halvøya dei siste 10 000 åra. Programmet fortel om korleis geologien ligg bak og styrer kvar me bur og kva me lever av her ved fjordane. Programmet inspirerer til oppdagingsferder på halvøya.

Har du lyst å vita meir? Du kan sjå biletspelet i innfallsportane til Folgefonna Nasjonalpark.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker