På heimebakeriet kan du kjøpa lefser, potetkaker og annan tradisjonsbakst laga i ein vedfyrt bakaromn. Hytter og campingplass ligg rett ved vatnet. Der kan du leiga båt og fiskeutstyr – sjansen er stor for at du får aure på kroken eller i garnet. Ein flott tursti sirklar Rullestadvatnet.

Rullestadjuvet

Vi anbefaler òg ein tur på gamlevegen oppover Rullestadjuvet. Den bratte postvegen frå 1800-talet er no restaurert. Kunstnaren Lars Hertervig fanga den dramatiske naturen i eit av sine mest kjende måleri. Like ovanfor vegen finst fleire svære jettegryter – djupe groper i berget, bora av stein og grus i kraftige kvervelstraumar i smeltevatnet frå isbreen som då fylte dalen. I tidlegare tider sanka bøndene lauv frå styvde tre. Om vinteren vart lauvet brukt til dyrefôr.

Du kan velja om du vil gå eller køyra E134 gjennom Rullestadjuvet. Den vakre vegen held fram langs sørsida av Åkrafjorden. Men kan hende må du bremsa for geitene!

Eit praktfullt fossefall

Langfoss er ein attraksjon du ikkje må gå glipp av. Den breie fossen har eit fall på 612 meter. E134 kryssar fossen like over utløpet i Åkrafjorden. Det er lett å skjøna kvifor CNN har Langfossen med på si liste over dei ti vakraste fossefalla i verda!

Jettegrytene i Rullestadjuvet, foto Svein Opdal
Jettegrytene i Rullestadjuvet, foto Svein Opdal
Jettegrytene i Rullestadjuvet, foto Espen Mills
Jettegrytene i Rullestadjuvet, foto Espen Mills – etnebilder.no

Aktivitetar

Tursti til Jettegrytene
Rullestadvatnet rundt
Rullestad Aktiv Fritid
Rullestad Aktiv Fritid
Innfallsporten Åkrafjordtunet

Kontakt

Kontakt Per M. Kjellesvik (Rullestad Aktiv Fritid)
Telefon 91318271
E-post per.martin@rullestad.org
Nettside www.rullestad.org

Langfoss

Langfoss er den femte høgaste fossen i Noreg. CNN har han på si liste over verdas ti vakraste fossefall. Det er er lett å komme tett på Langfoss, som ligg i eit flott landskap med Folgefonna nasjonalpark på andre sida av fjorden.

Odda turistinformasjon

Odda ligg inst i Sørfjorden. Ved turistinformasjonen får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen.

Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet ligg på Teigland ved E134, riksvegen som går langs den vakre Åkrafjorden. Dette senteret er ein attraksjon i seg sjølv, og her kan du læra meir om Folgefonna nasjonalpark. Herifrå er det berre éi mil til nasjonalparken og 9 km til den berømte Langfoss.