Om Folgefonna Informasjonssenter



Folgefonna Informasjonssenter ligg i historiske omgjevnader i Rosendal. Senteret formidler kunnskap og opplevingar knytt til natur- og kulturattraksjonane på Folgefonnhalvøya. Her møter du venlege vertar som er stolte av å syne deg utstillingane og informere om besøksmåla kring Folgefonna.

I 2005 opna ei heilt ny utstilling om Folgefonna nasjonalpark. Opplev den storslåtte naturen gjennom bilete, film og forteljingar!

Nytt i 2007 er biletspelet ”Drama i berg” som fortel den fascinerande soga om korleis Folgefonnhalvøya vart til.

Hjartet i Folgefonna Infoprmasjonssenter er Turistinformasjonen. Her får du hjelp til å finne overnatting og spisestader, informasjon om attraksjonar i området, kjøp av frimerke, film og suvenirar og elles mykje meir.

Med unntak av skipsbyggingsmuseet er det gratis å sjå utstillingane i informasjonssenteret.

Folgefonna Informasjonssenter vert eigd og drive av Kvinnherad kommune.