
Folgefonnhalvøya
er eit område med store naturverdiar.
Vakre landskap og rik vassdragsnatur har
mellom anna ført til at fem vassdrag
vart verna mot kraftutbygging på 80- og
90-talet. Området var og tidleg
med i arbeidet med ny nasjonalparkplan,
mellom anna ut frå verneverdiar knytt
til botanikk og geologi.
Nasjonalparken vart
oppretta i april 2005. H M Dronning
Sonja stod for den offisielle opninga
den 14. mai 2005.
Fylkesmannen i
Hordaland har utarbeidd verneplanen for
Folgefonna. Planarbeidet starta formelt
i 1998 og omfatta forslag om ny
nasjonalpark og fleire landskapsvernområde
på Folgefonnhalvøya. Formålet er å
sikre viktige natur- og kulturmiljø i
området, frå låglandet til dalføra
og høgareliggjande område med fjell og
bre. På miljøstatus
i Hordaland sin nettstad finn du
mykje informasjon om verneplanprosessen.
På Direktoratet for
naturforvaltning sine heimesider finn du
ein flott presentasjon av Folgefonna
nasjonalpark.
I Folgefonna
Informasjonssenter kan du sjå
utstillinga om Folgefonna nasjonalpark
og fleire filmar og biletspel om bruk og vern av
Folgefonna!
|