Velkomen til Folgefonna Nasjonalpark!

På ei halvøy ved Hardangerfjorden ligg Folgefonna nasjonalpark og den tredje største breen i Noreg. Med ord og bilete fortel denne nettsida deg om breen, og om korleis isen skar ut fjordane og dalane. 

Vi viser deg spanande kulturhistoriske attraksjonar, den mest dramatiske naturen, og stiane som fører dit. Vi fortel deg om ulike aktivitetar, om aktørane som tek deg med på vandring over Folgefonna, på kajakkpadling under brefall – og om mykje meir. Vi inviterer deg til å utforska nettsida – som forrett til å utforske sjølve nasjonalparken.

Fjelltøreblom
Fjelltjøreblom

Naturen si skattkiste – frå fjord til bre

Folgefonna er kjernen i nasjonalparken på Folgefonnhalvøya. Breen har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. Dette er den tredje største isbreen på det norske fastlandet. Han har eit areal på 200 kvadratkilometer og er opptil 400 meter tjukk.

I Folgefonna nasjonalpark kan du utforska ein enorm variasjon av flotte landskap. Vakre dalføre strekkjer seg frå brearmane heilt ned til fjorden.

Les meir om parken

Utvalde besøksmål

Botnane (Geostien)

Du kan lett bruka fleire veker på å utforska dei mange attraksjonane i og rundt Folgefonna nasjonalpark. På lista over offisielle Folgefonna-attraksjonar finn du eit utval av stader med praktfull natur og spennande kulturelle høgdepunkt. Les meir

Innfallsportar til Nasjonalparken

Innfallsportar
Åkrafjordtunet

Før du utforskar nasjonalparken, er det vel verdt å vitja Nasjonalparksenteret i Rosendal eller ein annan innfallsport – med auka forståing aukar òg gleda og utbytet. Dei byr på fascinerande utstillingar, god informasjon og hjelpsame råd. Les meir

 

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker